Håkon Skulstad

Publisert: 13.02.2018

Ass. politidirektør Håkon Skulstad møter Kjetil Nilsen og Haakon Bruun-Hanssen i samtale om sikkerhetstrender i samfunnet. Samtalen ledes av Siri Lill Mannes og avholdes i fellesdelen tirsdag 20. mars.

Håkon Skulstad har vore assisterande politidirektør sidan februar 2017 og er for tida fungerande avdelingsdirektør for avdeling for strategi, økonomi og verksemdsstyring. 
Skulstad har brei fagleg bakgrunn frå politiet, både som polititenestemann og som påtalejurist. I tillegg har han tung leiarerfaring frå høgste nivå i politiet.

Skulstad er cand. jur frå Universitetet i Oslo frå 1993, og har innehatt fleire stillingar i politi- og lensmannsetaten.

Frå 2011 til 2014 var han rektor hjå Politihøgskulen, og i perioden 2006 - 2011 var han politimester i Østfinnmark politidistrikt. Sidan september 2014 har han vore prosjektleiar for Prosjekt nye Politidistrikter (PNP).Skulstad har òg erfaring frå Justisdepartementet, kor han i perioden 2002 - 2006 var avdelingsdirektør for politiavdelinga. Vidare har Skulstad vore statsadvokat, konstituert førstestatsadvokat hjå Økokrim, og assisterande sjef og konstituert sjef i Kripos.

Kilde: Politiet.no

Bilde: Politiet.no