Sertifisering av IT-tryggleik - SERTIT

Publisert: 10.06.2014

Sertifisering inneber at ein uavhengig tredjepart vurderer kva grad av tillit ein kan ha til tryggleiken i eit produkt. Ved ei sertifisering blir produktet gjenstand for ei grundig evaluering som gir tillit til at tryggleiksfunksjonaliteten er korrekt implementert, og at det ikkje finst kjende veikskapar. Sertifiseringa er basert på standardiserte krav og metodikk som er internasjonalt hevdvunne (Common Criteria og Common Evaluation Methodology).

Somme fordeler ved ei sertifisering er at resultata blir internasjonalt anerkjente, moglegheiter for salg i nye/internasjonale marknader, betre konkurranseevne og høgare grad av tillit og omdømme.

SERTIT er den offentlege styresmakten for sertifisering av IT-tryggleik og representerer Noreg i den internasjonalen arrangementet "Arrangement on the Recognition of Common Criteria Certificates in the Field of IT Security (CCRA)". SERTIT er ein internasjonalt anerkjent sertifikatutskrivar under CCRA.

For meir informasjon sjå sertit.no.