Ynskjer forslag til rettleier i planlegging av graderte informasjonssystem

Publisert: 05.02.2016

Kvart år produserer NSM ei rekkje rettleiarar i fagområda våre. No ynskjer vi forslag og tilbakemelding på rettleier i planlegging av graderte informasjonssystem.

NSM sin rettleiingsverksemd skal byggje kompetanse og auke tryggleiksnivået i verksemdene, gjennom auka motivasjon, evne og vilje til å gjennomføre tryggleikstiltak. NSM gjev jamleg ut rettleiingar til hjelp for å sette i verk dei krav tryggingslova stiller. NSM publiserer òg rettleiingar frå andre fagområde relatert til førebyggjande tryggleiksarbeid.

 

Når ei verksemd skal ta fram eit informasjonssystem som skal handsame, lagre og transportere gradert informasjon er det mange vurderingar som må gjeras på førehand. Å ta fram ein slik løysing skal følgje ein planlagd, strukturert og dokumentert prosess, slik at naudsynt og tilstrekkeleg tryggleik vert ivaretatt i levetida til informasjonssystemet. Føremålet med dette dokumentet er å rettleie verksemdene gjennom dei avklaringene som må gjeras for å planleggje denne prosessen, slik at dei har eit best mogleg utgangspunkt for vidare arbeid med tryggleik.

Svarfrist for forslag er 22. februar til NSM kontakt. Ikkje bruk anna adresse enn NSM postmottak avhengig av plattform, med tilvising til sak nr. 15/04619.

Oppdatering 2016-03-09: Veilederen er nå ferdigstilt og er tilgjengelig her.

comments powered by Disqus