Ein stemningsrapport frå Arendalsuka 2017

Publisert: 21.08.2017

For andre året på rad har NSM delteke under Arendalsuka og her er ein liten stemningsrapport

I fjor brukte vi arrangementet vårt på  Arendalsuka til å presentera boka – «Den inste sirkel» av Hans Morten Synstnes  - Eit historisk verk om den militære tryggleikstenesta frå 1945 til 2002.

I år drog NSM til Arendalsuka for å bidra med faglege betraktninger rundt digital tryggleik. Eit tema som i aukande grad er vorte eit tema i den norske samfunnsdebatten og ikkje berre under Arendalsuka.

Digitalt grenseforsvar, GDPR, stortingsval, tjenesteutsetting, cyberkriminalitet, IKT kompetanse og digitalisering er berre nokon av stikkorda der tryggleik er sentralt. Det vart veldig tydeleg under veka i Arendal. Skilnaden frå innhaldet under Arendalsuka i 2016 var ikkje minst tydeleg.

NSM hadde sitt eige hovudarrangement på onsdag med tema: NSM om datatryggleik, demokrati og val. Lokalet i Arendal var så fullt at det «nesten» gjekk på tryggleiken (safety) laus

Her snakka avdelingsdirektør Hans Christian Pretorius laust og fast om det digitale trusselbiletet og korleis dei som freistar seg mot oss går fram. Under tittelen "Slik vert du hacket" presenterte Pretorius temaet på ein enkel og forståeleg måte. Det var i kvart fall det mange av tilhøyrarane kommenterte etter foredraget. Ikkje verst!

Så var det fagdirektør Roar Thon med den medvite valde tabloide tittelen: «Stortingsvalet er allereie hacket… av oss!» Her snakket Thon om nokon av dei digitale truslane under valkampen og sjølve valet før han gav eit innblikk i nokon av tryggleikstiltaka som er på plass og korleis andre organisasjonar og verksemder kan sikra seg på same måte.

Sjå forresten artikkel i DIGI etter NSM-arrangementet (betalingsmur) Last ned foredraget til Thon.

Dei fleste arrangement under Arendalsuka er debattar, og NSM deltok i fleire av dei.

Telenor var som tidlegare år, sterkt representert og arrangementet «Digital tryggleik 2017 – er ikkje Noreg førebudd på dei nye cybertruslene?» var eit godt vitja arrangement med godt fagleg innhald. Hanne Tangen Nilsen presenterte hovudsakene frå Telenor sin nylege rapport «Digital sikkerhet 2017» før sjef Etterretningstjenesten – Morten Haga Lunde snakket om digitale truslar mot Noreg.

Den påfølgjande debatten mellom Telenor, ETJ, PST og NSM vart ein god debatt om utfordringar og løysingar ift Nasjonal cybersikkerhet. Òg her førde Pretorius ordet for NSM og ved slutten av debatten måtte same mann koma seg i posisjon for å rekkja neste debatt.

 

 

 

Datatilsynet stod som arrangør av debatt om Digitalt grenseforsvar (DGF) under tittelen – «Masseovervåking til beste for samfunnet

I panelet var tidlegare sjef for Etterretningstjenesten – Generalløytnant Kjell Grandhagen, leiar i Tekna – Lise Lyngsnes Randeberg, Direktør i Datatilsynet – Bjørn Erik Thon, og Hans Christian Pretorius frå NSM. Debatten vart leidd av Sofie Nystrøm direktør for CCIS (Center for Cyber and Information Security). Det vart til tider ein engasjerande debatt med Grandhagen og B. E. Thon som ytterpunkt i meiningane om DGF. Òg her var lokalet fylt til randa og fleire som hadde ynskt å få med seg debatten kom ikkje inn.

Det same skjedde òg dagen etter der NSM deltok i sin siste debatt. Her var TEKNA arrangør og dei hadde samla eit breitt lag for å svara på spørsmåla om vi er rigga for å handtera datatrafikk, utvikling, drift og forvalting av kritisk digital infrastruktur og har vi oversyn over dei sårbarheter som finst? Har vi ein riktig skrudd saman tilsynsstyresmakt? Hovudtittelen: Usikkerhet om tryggleik – kven skrudde av serveren?

Under leiing av Shahzad Rana, teknologidirektør i Microsoft,  vart det ein livleg diskusjon mellom Olav Lysna, leiar av Lysna I og II-utvalet, Berit Svendsen, administrerande direktør, Telenor Noreg,  Bjørn Erik Thon, direktør, Datatilsynet,  Roar Thon, fagdirektør tryggleikskultur i NSM, Einar Lunde, avdelingsdirektør, Nkom, og Lise Lyngsnes Randeberg, president i Tekna. Tilbakemeldingene var av det slaga at det var ein av dei betre debattane under Arendalsuka. Debatten kan sjåast i heilskapen sin her.

Det er sikkert mange meiningar om Arendalsuka, men for oss i NSM er dette berre endå ein stad å spreia fagkunnskapen vår for å forbetra cybersikkerheten i samfunnet. Det er grunn til å hevda at mange av dei som var i Arendal treng det.

comments powered by Disqus