Nytt år - nye høve

Publisert: 02.01.2017

Vi startar ikkje 2017 med nye ark og fargestiftar til.

I byrjinga av det nye året er det som vanleg ikkje mangel på publisering av spådomar og trendar for framtida.  Òg innan tryggleiksbransjen. Det er ikkje dumt å sjå framover, men det er òg fornuftig å forstå fortida og i endå større grad forstå kva som skjer akkurat NO!

Sjølv ber eg ein tradisjon vidare med å minna dei som måtte lesa dette, at vi ikkje startar 2017 med nye ark og fargestiftar til. Vi har framleis dei same nettverksløysingane, dei same software- og hardwareløysingane som vi hadde i 2016 . Vi dreg med oss veldig mange av dei same tryggleiksutfordringane inn i 2017, som vi gjorde i 2016, 2012 og 2009 .

 

Sjølv om mykje er i endring, er det enno mykje som er det same. Noko endrar seg til det betre, noko til det verre. Nye løysingar og teknologi kjem til, men vi må ikkje la oss blenda av «dei kommande problema» på ein slik måte at vi ikkje har fokus i nåtid. Det er NO nokon utnyttar dei sårbarhetene som eksisterer NO. Det er dei verdiane du har NO og evna di til å verna dei NO som bør vera i hovudfokus.

 

Sjølvsagt må vi sjå framover. Men eg håpar at norske verksemder er i stand til å handtera no-situasjonen i 2017 og samstundes har ressursar til å møta dei utfordringane som vi møter framover.

 

Skal eg i det heile spå noko om 2017, så er spådomen min at dei tryggleiksmessige utfordringane i 2017 vert endå større enn dei var i 2016 .

 

Likevel skal vi ynskja kvarandre eit riktig godt nytt år!

 

 

GODT NYTT ÅR!

comments powered by Disqus