Ny versjon av WannaCry endrar ikkje skadevara

Publisert: 16.05.2017

Enkelte miljø hevdar no at dei har observert ein ny versjon av WannaCry. Den nye versjonen endrar ikkje sjølve skadevara. Oppdaterte system vil enno ikkje rammast.

Sist oppdatert: 16.05.17 kl. 11.00

– NSM jobbar vidare med sin skanningtjeneste Allvis NOR, og har hittil observert gode resultat. Vi har gjort funn i berre i éin av hundre tusen IP-adresser så langt, seier kommunikasjonsdirektør Mona Strøm Arnøy.

 

Skadevara WannaCry utnytta ei opning i brannmuren som gjorde det mogleg å senda filer mellom datamaskiner. Denne opninga inneber liten risiko så lenge programvara er oppdatert.

 

– NSMs ønske er å nå alle offentlege verksemder og eigarar av kritisk infrastruktur, og oppfordrar verksemder til å ta kontakt for å få gjennomført skanning av systema sine, seier Arnøy.

 

Oppdatert kontaktinformasjon for å få gjennomført skanningen vert tilbode offentlege verksemder og eigarar av kritisk infrastruktur, og  er til kvar og ei tid tilgjengeleg på NSMs nettsider.