"Den innerste sirkel" fortel historia om tryggleikstenesta

Publisert: 17.08.2016 | Sist endret: 05.09.2016

Historia om den militære tryggleikstenesta frå 1945-2002 er no produsert. Den innerste sirkel av Hans Morten Synstnes er basert på hittil hemmelegstempla kjeldematerial og kaster nytt lys på ei rekkje profilerte saker i norsk historie etter krigen.

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) har delfinansiert arbeidet med boka saman med Forsvarsdepartementet. Forfattaren har teke ein doktorgrad på emnet og har sete i NSMs lokalar.

Den innerste sirkel er historia om den militære tryggleikstenesta frå krigen og fram til 2002. Tenesta, som før 2003 heitte Forsvarets Overkommando/Sikkerhetsstaben  (FO/S), hadde som hovudoppgåve å vakte over tryggleiken til riket og statlege løyndomar. Ulike tryggleikstiltak skulle hindre spionane i andre land og eigne utru tenarar å lukkast. I dag vert FO/S sine oppgåver utført av Nasjonalt tryggingsorgan og Tryggleiksavdelinga i forsvaret.

Boka vart lansert 17. august 2016.